"Sammen om å sette verdifulle spor"
Vi ønsker å vandre saman med barna og saman sette verdifulle spor i ein kvardag som vi er heldige å vera ein del av.
Årsplanen er barnehagen sitt viktigaste styringsdokument. Han gir ei oversikt over mål, innhald og organisering av barnehagen sitt arbeid gjennom året. Planen skaper tryggleik og forutsigbarheit for foreldre og barn, og gir personalet ein felles retning. Foreldrerådet og samarbeidsutvalet er med og påverkar innhaldet, slik at årsplanen blir eit felles dokument mellom heim og barnehage. Årsplanen viser korleis vi jobbar etter rammeplanen og sikrar kvalitet i det pedagogiske arbeidet.
