Skogen vår er ein viktig del av barnehagekvardagen. Her er det rom for store eventyr, små oppdagingar, leik, meistring og læring – og vi skal bruke han mykje gjennom året.
I år har vi særleg fokus på læringsstøtte. Vi skal vere vaksne som undrar oss saman med barna, stiller gode spørsmål, les, samtalar og hjelper barna med å utvikle språk, tenking og forståing.
Men aller viktigast er menneska. ❤️ Vi er stolte av å ha gode, varme og engasjerte vaksne som likar jobben sin og som ønskjer å vere tett på barna – i leiken, på tur, rundt boka og når eit fang trengst.
Vi gler oss til små og store kvardagsaugeblikk, til samarbeid med dykk foreldre og til alt dette barnehageåret skal romme.
Velkommen til eit nytt barnehageår – saman skal vi sette verdifulle spor!