Barne-og ungdomsarbeider, vikariat

Har du eit varmt hjarte for barn, likar dagar med både latter, leik og litt tempo – og veit at eit ledig fang kan vere noko av det viktigaste du tilbyr? ❤️ Preg Toftøy barnehage søker ein engasjert og omsorgsfull barne- og ungdomsarbeidar til vikariat.

https://arbeidsplassen.nav.no/stillingsregistrering/vis/6881fa97-8b6e-4a09-a03a-a93253d92b35

 

Vi ser etter deg som likar å vere saman med barn og som forstår kor viktig du som vaksen er i kvardagen deira. Du er varm, trygg og omsorgsfull, samtidig som du tek ansvar, ser kva som må gjerast og bidreg aktivt i fellesskapet.

Vi ønskjer deg som:

  • er leiken, engasjert og til stades saman med barna

  • ser det enkelte barnet og samtidig har blikk for heile barnegruppa

  • er god på å bygge relasjonar og støtte vennskap mellom barn

  • tek initiativ og likar ein aktiv og variert arbeidskvardag

  • er fleksibel, løysingsorientert og samarbeider godt med andre

  • bidreg med godt humør og positiv energi i arbeidsmiljøet

  • er nysgjerrig på faget og ønskjer å lære og utvikle deg

  • møter foreldre, barn og kollegaer med respekt og openheit

  • kan arbeide sjølvstendig, men veit at vi får til mest når vi jobbar saman

  • kan identifisere deg med barnehagen sitt kristne verdigrunnlag

Vi ser gjerne at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring frå arbeid med barn.

For oss handlar det først og fremst om kven du er i møte med barna. Vi ser etter ein vaksen som barna kan bli trygge på, leike med, lære saman med -- og finne eit ledig fang hos når dei treng det.